- Kan vi fritt velge den hytteleverandøren og hyttetypen vi ynskjer?
-
Ja, det er ingen bingding på hverken hytteleverandør eller hyttetype.
- Kva blir utbyggingsgraden?
-
Kvar tomt kan bebyggast med inntil 20% av BYA.
- Kjem anneks i tillegg?
-
Det kan byggast inntil 4 bygninger pr. tomt med samla BYA på 200 m2 der hovedbygning kan ha BYA på maks 150m2. Hugs regelen om maks 20% utbyggingsgrad.
- Kor nært til hovedbygninga kan eit anneks ligge?
-
Avstand mellom bygningene kan maksimalet vere 8 meter. I utgangspunktet kan det byggast så nært det er mulig reint praktisk. Det er kun tillatt med ei bueining pr. tomt.
- Kan ein bygge kjellar?
-
Nei, kjellar kan ikkje byggast, men "krypkjeller" på maks 1,84 m høgde skal kunne byggast. NB! maks 60cm synlig mur.
- Når kan vi starte å bygge?
-
Våren 2010 vil feltet vere klart til utbygging.
- Kva blir breidda på bilvegen og kva med parkering?
-
Fellesvegen i feltet vil vere 4 meter brei og privatveg fram til kvar hytte blir 3-4 meter. Det skal byggast 2 parkeringsplasser ved kvar hytte.
- Kven skal administrere og utføre snøbrøyting i feltet og kven skal betale?
-
Det skal etablerast ei hytteforening som skal administrere vedlikehald av vegen og brøytinga. Vegen skal brøytast slik at biler kan kome fram heile året. Kvar enkelt hytteeigar blir forplikta til å delta økonomisk i brøytinga. Innleigd person med traktor/fres vil utføre snøryddinga.
- Skal vegen asfalterast?
-
Nei, av estetiske grunnar vil alle vegar i feltet ha grusdekke. Asfaltert veg inntil hyttene er heller ikkje tillatt ihht reguleringsplan eller arealdelplan for området.
- Kan vi få breiband på hytta?
-
Ja, dette er tilgjengelig frå dag ein.